Parkering

Vi har eit parkeringssystem frå Parkly, som les skilt ved hjelp av kamera. Det er kun betaling i vintersesongen. Sommarsesong, frå 1. mai til 31. oktober, er gratis.

Du kan betale på nett i etterkant:
Når du køyrer inn på parkeringsplassen vert skiltet registrert, og når du køyrer ut har du 48 timar til å gå inn på nettsida deira og betale.

Dagspris: 70 kr

Manuell betaling innen 48t


Om du er Easypark-kunde og har aktivert skiltgjenkjenning i app, kan du betale enkeltparkeringar via Easypark.

Du kan kjøpe sesongkort for parkering:
Du kan kjøpe sesongbasert parkering, og då kan du kjøpe så mange parkeringsplassar du ynskjer, for å så legge inn alle skiltnummer på din brukar. Så lenge det ikkje er fleire bilar inne på parkeringsplassen enn det du har kjøpt plassar til, får du ikkje noko ekstra faktura.

Vintersesong er frå november - april, og kostar 700 kr

Kjøp sesongkort parkering


Faktura vert sendt om du ikkje har betalt på nett eller bilen er registrert på eit sesongkort

Om du ikkje betalar på nett i etterkant, eller registrerar bilane på førehand på eit sesongkort, kjem det ein faktura i posten (fakturagebyr på 49 kr kjem i tillegg).

Kort av/på-stigning
Det er mogeleg å kjøyre opp og sleppe av i ein "dropoff-tid" på tjue minutt i opningstida, utan at du vert fakturert. Opningstida er måndag - fredag 17.30 - 21.30, og laurdag - søndag 09.00 - 17.00. Utanom opningstida rekk du fint å snu innnan to minutt utan at du vert fakturert.

Alle prisar er inkl. mva.

Korleis finn du fram

Med utgangspunkt i Volda sentrum køyrer du riksveg 651 til rundkøyringa ved Høgskulen i Volda. Vidare køyrer du rett gjennom rundkøyringa og held fram oppover Vikebygdvegen om lag 2,5 kilometer. Rett før Helgatun, ved skilt merka "Skisenter", tar du opp til venstre.

Frå sentrum til skisenteret er det om lag 6,5 km.


embedgooglemap.net