Løypekart

Hovudheisa
Begge trekka i bakken er tallerkentrekk. Storetrekket er 880 m. langt og tek deg til toppen av Sandhornet (659 moh.), og har tre hovudløyper ned. Dette er utgangspunktet for dei fleste nedfartane, såvel som toppturar til Grøthornet og Melshornet. Den mest krevjande løypa er Bratthenget (svart).
Hovudtraseen (raud) er ikkje så vanskeleg som ein kanskje kan få inntrykk av, og er markert raudt for å skilje den frå dei blå løypene.
Baksideløypa er lang, og er no nyleg lagt om slik at du får renne heile vegen tilbake til trekket. Her er det mogleg å ta avstikkarar offpist.

Familietrekket
Familiebakken er 300 m. lang og er tilpassa nybegynnerar og andre. Familietrekket er et fint utgangspunkt for dei som nyleg har lært seg å stå på ski. Vi har skileikbakke med hopp og kular (blå) i tillegg til den vanlege nedfarta (grøn). Nedst i bakken har vi laga til store uteområder der vi plasserer ut grillar om vêrhøva tillet det.

Lisjetrekket
Skitrekk for dei som held på å lære seg å stå på ski. Her kan ein lett gå av trekket i ynska høgde, og traseen (grøn) varierar frå nesten flatt heilt nede til ei litt brattare helling heilt på toppen. Dei minste må nok ha hjelp frå ein vaksen. (Trekket er kun åpent på dagar med stor utfart.)

Lysløypeanlegget
Sporlagt og trakka (både klassisk og skøyting) lysløype på ca. 3.7 km pr. runde. Høgdevariasjon på ca. 50 høgdemeter pr. runde. Fylg med på trakking på skisporet.no!

Både frå parkeringa på skisenteret og frå parkeringa langs fylkesvei 45 (Vikebygdvegen) ved Helgatun er det ypperlege turmoglegheiter. Alle løyper vert trakka når det er nok snø. Frå skisenteret kan ein gå anten i lysløypa eller i eiga turløype som startar på austsida av varmestova. Desse løypene endar opp i løypa opp mot Melshornet (og baksida av hovudheisa). Frå Helgatun kan ein nå Rotevassetra, Vadsteindalen og Botnasetra.

Toppturar
Dei umiddelbare toppane ein kan nå frå Volda Skisenter er Grøthornet og Melshornet. Dette er populære skiturar som stort sett er fonntrygge. Løype heilt til topps til Melshornet vert trakka når forholda tillet det. Frå Helgatun kan ein nå det populære Koppefjellet med moglegheiter for fantastisk nedkøyring til Aldalen. Vær obs på skavl i toppområdet. Dei mindre kjende men likevel artige fjella Hestehornet og Skarphornet når du også herifrå.

Følg trakkemaskina på skisporet.no

Title of the document