Om VTI Langrenn og Skiskyting

Volda Langrenn og Skiskyting er ein stolt del av VTI, Volda Turn- og Idrettslag!

I idrettslaget vårt finn du aktive løparar i alle aldrar, og foreldregrupper som trufast heier fram. Dugnadsanda står sterkt, både blant foreldra til dei yngre løparane, og blant dei vaksne "birkebeinerane" som har mange års fartstid i løypene. Idrettsglede og sportsleg utvikling er i fokus for alle løparane, frå eldst til yngst.

VTI Langrenn og Skiskyting ynskjer å bidra med å legge til rette for sunn uteidrett for både born, unge og vaksne i Volda og omegn. Vi tilbyr skileik for dei yngste, og skiskyttartrening for dei litt eldre. For vaksne skiløparar er det ikkje tilbod om organisert trening pr no, men også i denne gruppa er det eit godt miljø og samhald. Mange har Birkebeinerrennet som eit treningsmål og høgdepunkt. Det er tradisjon for felles transport og overnatting i samband med rennet.

Vi har ein ny og oppgradert arena med nye klubbhus og skytebane. Skiskyttararenaen er toppmoderne, med 30 stk elektroniske sjølvanvisarar. Dette er eit av få slike anlegg i Noreg. I anlegget kan vi arrangere konkurransar både på krinsnivå og nasjonalt nivå, og anlegget er dermed god reklame for regionen vår.

Vi arrangerer cuprenn i samarbeid med hovudsponsor Sparebank1SMN kvar vinter. Desse renna er opne for alle som vil gå på ski, frå 0-100 år. Løypelengd er tilpassa alder, frivillig tidtaking frå og med 8 år. Her opplever vi god deltaking, frå dei heilt minste, og opp til senior. Elles har vi Voldameisterskap og nokre gongar også sonerenn. Skiskyttarane har også cuprenn og Voldameisterskap, i tillegg til at dei også stundom arrangerer større renn som Vestlandsmeisterskap og krinsrenn.

Anlegget vårt er lokalisert ved Volda Skisenter, og vi har eit godt og nært samarbeid. Vårt langrenn- og skiskyttaranlegg legg til rette for at innbyggjarane i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Sande, Herøy og Hareid, har tilgang til eit godt anlegg for langrenn og skiskyting.

Løypene våre er opne for alle som vil gå på ski, og vi meiner at den frivillige innsatsen som vert lagt ned for både born, unge og vaksne her, er samfunnsnyttig både lokalt og regionalt.