logo.png
Meny
 
 
 

logo.png
29063137_1836027839761121_5596175102006788096_.jpg

OPNING AV FAMILIEBAKKEN

Tysdag kveld, 12. januar, opnar vi familiebakken for kveldskøyring kl. 18.00 - 21.00. 

Då må vi alle hugse på smittevernreglane, men ikkje fortvil om du har gløymt dei, vi skal nok klare å minne deg på det du treng å vite i forkant!
Vi minnar også om at når trakkemaskina er i gang framover, er det heilt forbudt å nytte anlegget til aking, eller som randoløype.
Vi sjåast i bakken!

SMITTEVERN
Vi slepp ikkje unna!
1. Er du sjuk eller i karantene? Då ber vi deg halde deg heime til du er frisk.
2. Hald ei stavlengds avstand. Hald avstand til andre du ikkje er i fylgje med i heiskøar og i anlegget generelt.
3. Hugs god hoste- og handhygiene.
4. Ta heisen saman med dine eigne.
5. Max 2 kundar i skiutleiga samtidig.
6. Vi oppfordrar til å bruke eigen hjelm.
7. Registrer deg på smittesporingsverktøyet Consio sin QR-kode, om du skal bruke toaletta. Koda finn du utanfor inngangen på sida av varmestova. Dette gjeld også dine eigne born, som du har ansvaret for vert registrert.

Sjølve varmestova vert foreløpig stengt, men du kan handle skikort og enkle kioskvarar og mat i vindu oppover mot heisa.

Alpepass

  WEB-CAM
  Vêret
 
Sponsorar
          Volda Kommune
Tussa               
       

Kontaktinfo

Volda Skisenter AS
Postboks 108
6101 Volda

Tlf.: +47 70 07 84 00
E-post: post@voldaskisenter.no Powered By: Osberget CMS