
SMITTEVERN
LEIGE VARMESTOVA?

Treng du lokale til selskap eller møte?
Volda Skisenter leiger ut varmestova med plass til 80 personar.
Klikk på linken for å finne ut meir.

SLEPP KØ - KJØP HEISKORT PÅ NETT!
Du kan no kjøpe dags- og kveldskort heime frå godstolen!
Via sida volda.skisteder.no kan du fylle på ditt keycard frå PC, mobil og nettbrett. Alt du treng er eit keycard - det treng ikkje vere frå Volda skisenter.
Det er dagskort, timeskort og kveldskort som kan kjøpast pr. i dag, og all betaling skjer via Vipps! Etter du har fullført kjøpet kan du gå rett i bakken! Enkelt og greit!
Vi anbefaler deg å trykke på "Korleis fungerar det?" når du kjem inn på sida, der får du ei kort forklaring på korleis løysinga fungerer! Lykke til, og send oss gjerne ei melding om du ikkje får det til!
SESONGKORT TIL SUPERPRIS!

10. november er det skibyttedag og Volda Skisenter sel sesonkort til ekstra kjekke prisar denne dagen.
NB! - Vi har korrigert prisane på alpepass. I den første annonsa brukte vi prisar frå førre sesong. Beklager dette.
OPNINGSTIDER I PÅSKA

Våre opningstider i påska er
- Palmehelga (24.03 - 25.03) - kl 11:00 - 16:00
- Måndag 26.03 - stengt
- Tysdag - måndag (27.03 - 02.04) - kl 11:00 - 16:00
Siste opningsdag for sesongen blir mandag 2. april.



Barnekøyring fredagar
Kvar fredag arrangerer "Friluftsforeningas Barneturlag Volda/Ørsta" barnekøyring frå kl 1700 til 1900
Dette er ikkje ein ekstra opningsdag for alle, men ei glimrande muligheit for dei aller minste.
Denne kvelden går familietrekket på max. halv fart og det er fleire som stiller opp for å hjelpe på og av trekket.
Det vert satt ut figurar og enkle hopp/rails som ungane kan øve på.
Friluftsforeningas Barneturlag Volda/Ørsta er arrangørar, og dei kan kontaktast via facebooksidene sine om du lurer på noko i samband med barnekøyringa
LAURDAG 6. JANUAR ER DET 50 ÅR SIDAN FØRSTE OFFISIELLE OPNINGSDAG PÅ VOLDA SKISENTER

Dette blir markert med rabatterte dagskort og aktivitetar for heile familien. Vi ynskjer deg og din familie velkomen til å markere denne dagen saman med oss.
50% RABATT PÅ HEISKORT

OBS! --- GJELD BERRE I VEKE 50 --- OBS!
SESONGOPNING 2017/2018!

Vi opnar heile anlegget tysdag 21. november.
Gratis køyring denne kvelden!
Den store nedbørsmengda som har vore siste veka, og kome som snø i høgda, gjer oss i stand til å opne heile anlegget rekordtidleg! Allereie tysdag kveld (18-21) opnar vi heile anlegget for normal drift.
Velkomen skal dykk vere! :)