Volda Skisenter
Tysdag 09.04 var siste opningsdagen for denne sesongen. Håper vi sjåast til ein god vintersesong neste år!

Telemark

Trenarmangel - Telemark !


I Volda er det ei unik interesse for Telemark. Vår aktivitet har

vorte lagd merke til også utanfor kommunegrensa. For oss som har vore engasjert på trenarsida, har dette vore ei morosam reise. Mange lurer sikkert på kvifor vi ikkje no er i full «sving». Grunnen er like enkel som den er vanskeleg; - vi manglar trenanar.

Oppstart

Vår visjon er lågterskel -rekruttering til skiglede. Derfor har vi valgt å utsette oppstart i håp om løysing på trenarkabalen.

Trenarkabalen har framleis ikkje har løyst seg, men vi kan ikkje halde att lenger. Vi må berre starte opp i høve til kapasitet.

Vidarekomne.

Førstkomande torsdag startar vi ei gruppe for vidarekomne, -vidareutvikling av telemarkteknikk/portkøyring med Andreas Heltne Sætre i spissen. Det vil sei at løparane må ha grunnleggjande teknikk og må kunne køyre samanhengande svingar i telemarkstil.

Kontakt oss.

Vi har sjølvsagt fullt fokus på å løyse trenarkabalen så vi kan gå ut i full breidde. Vonar nokon føler trenarkallet og tek kontakt. Det er mange unge lovande som treng oss. Kontakt: vtialpin@hotmail.no

Usikker? – vi støttar kvarandre - delar sjølvsagt opplegg og øvelsar.

Våre info-kanalar: «Møre», voldaskisenter.no, facebook.

Webkamera:
Kjøp kort online:
Du sparar mykje tid ved å kjøpe kort online før du kjem!


Vi er med i alpepass-ordninga
Veiret kl. 17.05, 18. april 2013
5.3°C
72%
Versymbol
Sjå også vår vérmelding og våre smøretips
Hovudsponsorar: