logo.png
Meny
 
 
 

logo.png
Hovudheisa

Dette er utgangspunktet for dei fleste nedfartene såvel som toppturar til Grøthornet og Melshornet. Den mest krevjande løypa er Bratthenget (svart). Hovudtraseen (rød) er ikkje så vanskeleg som ein kanskje kan få inntrykk av, og er markert rødt for å skilje den frå dei blå løypene. Baksideløypa er lang og er no nyleg lagt om slik at ein får renne heile vegen tilbake til trekket. Her er det mogleg å ta avstikkarar offpist.


pic2.jpg

Familietrekket

Familietrekket er et fint utgangspunkt for dei som har lært seg å stå på ski. Vi har skileikbakke med hopp og kular (blå) i tillegg til den vanlige nedfarta (grøn). Nedst i bakken har vi laga til store uteområder der vi plasserer ut grillar om vêrhøva tillet.

Barnetrekket

Skitrekk for dei som held på å lære seg og stå på ski. Her kan ein lett gå av trekket i ynska høgde, og traseen (grøn) varierer frå nesten flatt heilt nede til ei litt brattare helling heilt på toppen. Dei minste må nok ha hjelp frå ein vaksen.

Lysløypeanlegget

Sporlagt og trakka (både klassisk og skøyting) lysløype på ca. 3.6 km pr. runde. Høgdevariasjon på ca. 50 høgdemeter pr. runde.

Turmoglegheiter

Både frå parkeringa på skisenteret og frå parkeringa langs fylkesvei 45 (Vikebygdvegen) ved Helgatun er det ypperlege turmoglegheiter. Alle løyper vert trakka når det er nok snø. Frå skisenteret kan ein gå anten i lysløypa eller i eiga turløype som startar på austsida av varmestova. Desse løypene endar opp i løypa opp mot Melshornet (og baksida av hovudheisa). Frå Helgatun kan ein nå Rotevassetra, Vadsteindalen og Botnasetra.

Toppturar

Dei umiddelbare toppane ein kan nå frå Volda Skisenter er Grøthornet og Melshornet. Dette er populære skiturar som stort sett er fonntrygge. Løype heilt til topps til Melshornet vert trakka når forholda tillet det. Frå Helgatun kan ein nå det populære Koppefjellet med moglegheiter for fantastisk nedkøyring til Aldalen. Vær obs på skavl i toppområdet. Dei mindre kjende men likevel artige fjella Hestehornet og Skarphornet når du også herifrå.

Alpepass

  WEB-CAM
  Vêret
 
Sponsorar
          Volda Kommune
Ulstein               Tussa               Scana
     Volda Reset Hyttegrend
      

Kontaktinfo

Volda Skisenter AS
Postboks 108
6101 Volda

Tlf.: +47 70 07 84 00
E-post: post@voldaskisenter.no Powered By: Osberget CMS