logo.png
Meny
 
 
 

logo.png
loypetrase.jpg
Trakking av turløyper i Volda

Volda skisenter trakkar turløyper i området rundt Reset til glede for innbyggarane i Volda og nabokommunane. Dette er noko som vi synes er eit flott tilbod til folket og aller helst ynskjer vi å kunne trakke og halde løypene gode til ei kvar tid.

Volda kommune kostar 2-3 trakkingar kvar vinter gjennom avtale med Volda skisenter, resten er det Volda skisenter sjølv som må koste og bære risikoen ved.

Vi har fått ein del innspel der folk er villige til å bidra økonomisk, og dette set vi særs pris på. Vi oppmodar derfor med dette folket som bruker desse opptråkka løypene, om å bidra og sette inn nokre kroner på kontonummer 3991.06.22084 eller ev. firma om å gå inn med eit større beløp, der vi vil annonsere at dei står for tråkkinga den aktuelle helga for eksempel. Ta kontakt for avtale post@voldaskisenter.no  Turløyper i området blir av kommuneoverlegen vurdert som folkehelse arbeid av høg verdi.

Alpepass

  WEB-CAM
  Vêret
 
Sponsorar
          Volda Kommune
Ulstein               Tussa               Scana
     Volda Reset Hyttegrend
      

Kontaktinfo

Volda Skisenter AS
Postboks 108
6101 Volda

Tlf.: +47 70 07 84 00
E-post: post@voldaskisenter.no Powered By: Osberget CMS