logo.png
Meny
 
 
 

logo.png
vs_071218.jpg

DET NÆRMAR OPNING FOR 2018/2019 SESONGEN

Snøen er tilbake og vi har trakka familiebakken. Det er meldt nedbør til helga, og kjem det i form av nok mengde snø kan det bli sesongopning av anlegget. Følg med på heimesida og Facebook dei næraste dagane!

29498071_1853275374703034_7973584369989843813_.jpg

PÅSKEKONKURRANSE

I løpet av påska kan du vinne dette flotte påskeegget med mange flotte premiar i. Ikkje berre får du godteri, sjokolade, brus, ullsokkar, solkrem, hårprodukter, slalombriller, buff og hue - men du kan også vinne eit ÅRSKORT for neste sesong på Volda skisenter! 

Klikk her for å delta!

Barnekøyring fredagar

Kvar fredag arrangerar "Friluftsforeningas Barneturlag Volda/Ørsta" barnekøyring frå 17:00 til 19:00. 

Dette er ikkje ein ekstra opningsdag for alle, men ei glimrande muligheit for dei aller minste.

Denne kvelden går familietrekket på max. halv fart og det er fleire som stiller opp for å hjelpe på og av trekket. 

Det vert satt ut figurar og enkle hopp/rails som ungane kan øve på. 

Friluftsforeningas Barneturlag Volda/Ørsta er arrangørar, og dei kan kontaktast via facebooksidene sine om du lurer på noko i samband med barnekøyringa! 

loypetrase.jpg
Trakking av turløyper i Volda

Volda skisenter trakkar turløyper i området rundt Reset til glede for innbyggarane i Volda og nabokommunane. Dette er noko som vi synes er eit flott tilbod til folket og aller helst ynskjer vi å kunne trakke og halde løypene gode til ei kvar tid.

Volda kommune kostar 2-3 trakkingar kvar vinter gjennom avtale med Volda skisenter, resten er det Volda skisenter sjølv som må koste og bære risikoen ved.

Vi har fått ein del innspel der folk er villige til å bidra økonomisk, og dette set vi særs pris på. Vi oppmodar derfor med dette folket som bruker desse opptråkka løypene, om å bidra og sette inn nokre kroner på kontonummer 3991.06.22084 eller ev. firma om å gå inn med eit større beløp, der vi vil annonsere at dei står for tråkkinga den aktuelle helga for eksempel. Ta kontakt for avtale post@voldaskisenter.no  Turløyper i området blir av kommuneoverlegen vurdert som folkehelse arbeid av høg verdi.

Alpepass

  WEB-CAM
  Vêret
 
Sponsorar
          Volda Kommune
Tussa               Scana
   Volda Reset Hyttegrend   

Kontaktinfo

Volda Skisenter AS
Postboks 108
6101 Volda

Tlf.: +47 70 07 84 00
E-post: post@voldaskisenter.no Powered By: Osberget CMS